Tannhelsesekretær/assistent

9 juni 2026

Tannhelsesekretær / assistent

Klinikken vår i Sogndal søkjer no ein tannhelsesekretær/assistent i eit eittårig vikariat i 100 % stilling- Hos oss blir du del av eit solid team med fire tannlegar, ein periodontist, to tannpleiarar og seks sekretærar. Vi tilbyr eit breitt spekter av tannhelsetenester og held høg fagleg kvalitet i alt vi gjer.

Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med godt samarbeid på tvers av faggrupper, og er stolte av å vere sertifisert som Great Place to Work.

 

Dette blir kvardagen din 

Som tannhelsesekretær/assistent arbeider du tett på både behandlarar og pasientar, og får ei variert rolle som kombinerer klinisk og administrativt arbeid.

Du vil assistere i behandling, klargjere utstyr og behandlingsrom, ta røntgen og bidra i resepsjonen og pasientoppfølginga.

Den me søkjer:

  • Arbeider strukturert og tek ansvar
  • Er serviceinnstilt og set pasienten først
  • Trivst i ein variert og til tider hektisk kvardag
  • Kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Det er ein fordel om du har:

  • Utdanning/autorisasjon som tannhelsesekretær
  • Erfaring frå tannhelse eller annan helseverksemd

Har du ikkje erfaring frå tannhelse, men er motivert og lærevillig? Då oppmodar vi deg likevel til å søkje.

Hos oss får du:

  • Trygg arbeidsplass i eit solid selskap
  • Grundig opplæring og tett oppfølging
  • Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Utviklingsmoglegheiter
  • Lønn etter tariff

Oppstart vil vere 1. oktober, men det vil også vere mogleg å tiltre på eit tidlegare tidspunkt.

Klar for å søkje? 

Søknader vert fortløpande behandla.
For meir informasjon, ta gjerne kontakt med Grete Helene Eikenæs telefonnummer 41447090 eller e-post: grete.eikenaes@colosseum.no.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om Dental24

Dental24 – Din digitale nyhetskilde for tannhelse siden 2008

Dental24 leses hver uke av tusenvis av personer med interesse for tannhelse og dentalbransjen. Vi tilbyr yrkesaktive innen dentalområdet et samlet sted for nyheter, intervjuer, reportasjer, kliniske artikler, kurs og ledige stillinger.

Dental24 produseres i tett samarbeid med tannleger, tannpleiere, tannsøkere, tannteknikere samt institusjoner, foreninger, organisasjoner, leverandører og andre medier i bransjen.

Kontakt

Dental Media Group AB
info@dental24.no
Org. nr: 559472-8304

Ansvarlig redaktør

Johan Ahlberg

Ønsker du å bli sett på Dental24?

Mer om annonsering

Abonner på vårt nyhetsbrev

Gjør som mange andre, abonner på vårt nyhetsbrev.

Utviklet av mkmedia
×

Nyhetsbrev

Gjør som mange andre, abonner på vårt nyhetsbrev.