Aktuelt

Leserinnlegg

13 september 2024

Tannhelse må bli gratis for alle – ikke bare for de som har råd

I Norge har vi eit prinsipp om gratis helsehjelp, med mindre du kjenner på ubehag eller har vondt i tennene. Vi i Raudt meiner at tennene skal sidestillast med resten av kroppen og vil gjere tannhelse gratis. 140 000 nordmenn går ikkje til tannlege grunna dårleg økonomi, ifølge Statistisk sentralbyrå. Har vi eit samfunn der lommeboka bestemmer om du har råd til å vere fri for tannverk?

Hedda Andrine Skår Indrebø (Raudt)

Tannsjukdommar vert påverka av kosthald, arv, anatomi og munnhygienevanar, og nokre er meir eksponert for tann-problematikk enn andre. Tennene har stor betydning for resten av helsa vår også. Ved dårleg tannhelse, er også dårleg ernæring eit vanleg følgeproblem. Det gir ikkje meining at ernæringsproblematikk grunna tann-problematikk, går under gratis helsehjelp, mens tann-problematikken må betalast frå eiga lomme.

Vaksne må i all hovudsak dekke tannlegerekninga sjølv, med nokre unntak. Det betyr at ein tannlegetime kan koste alt mellom 1000 kr og 10 000 kr, utifrå kva behandling ein treng.

”Jeg har råd til å betale tannlegen. Og det har mange andre også”, var Erna Solberg sitt svar då partia diskuterte tannhelse i valkampen i 2023. Men når 140 000 nordmenn ikkje går til tannlege grunna økonomi, er det også veldig mange som ikkje har råd til å betale tannlege-rekninga, Erna! Slike utsegner som Solberg har, er som å feie eit stort hòl i velferdsstaten vår under teppet.

I eit samfunn der alt blir dyrare, må vi sørge for at innbyggarane våre ikkje må velje mellom fotballtrening, middag, varme sko eller tannlegetime. Raudt ønsker ei tannhelsereform som sikrar at det ikkje kostar meir å gå til tannlegen enn det kostar å gå til fastlegen. Det skal ikkje vere lommeboka som bestemmer om du har råd til friske tenner. Dei stega som så langt er tekne i retning ei tannhelsereform, gir berre smular for dei aller fleste. Tannbehandlinga har rett nok blitt rimelegare for ein del unge i 20-åra, men det har ikkje blitt ei krone billegare for folk som er 30 år og eldre.

Vi kan ikkje godta eit samfunn der «Erna og mange andre har råd til tannlege». Vi skal ha eit samfunn der ALLE skal ha råd til god tannhelse.

Meningene som uttrykkes i leserinnlegget, tilhører skribenten. Dental24 som publikasjon er politisk uavhengig.

×

Nyhetsbrev

Gjør som mange andre, abonner på vårt nyhetsbrev.